1. Hei og velkomen til
brukarveiledninga.
Her finn du innformasjon om
korleis du brukar appen og kva
alternativ du har i den.
2. Fyrst, vel du avisa du ynskjer å
lesa og klikkar på den. Då kjem
du til innloggings vindauga.
Om du ikkje har abonnement
kan du kjøpa enkelt aviser. Då
vel du fyrst avisa som du
ynskjer, deretter får du eit val
om å kjøpe enkelt avis. Det er
same betalingsmodell som alle
vanlige kjøp gjennom google
play og apple store.
3. Her kan du logga inn med
e-posten som er registrert på
ditt abonnementet. Det er same
passord og brukarnamn som du
brukar når du loggar inn på
heimesida vår. Du finn og
innlogging under instillingar.
Om du ynskjer å kjøpe enkelt
aviser ligg det i alternativ
«kjøp».
Manglar du passord, men har
abonnement? Du kan lage digital
brukar på heimesida vår. Der får
du tilsendt ein mail med passord.
Om du har problem med
innlogginga, ta kontakt på
abonnement@avisa-hordaland.no
eller på telefon 56 53 03 06.
4. Etter du har logga inn, vel ei avis
ved å sveipa fram og tilbake på
skjermen. Då vekslar du mellom
utgivelsesdato.
Ynskjer du ei eldre avis går du til
arkiv.
Om du vil finne ein spesifikk
dato når du er inne på arkiv,
klikkar du på kalenderen nede til
høgre. Der kan du velja ein dato.
5. Når du vel ei avis kan
du bla i avisa med å
sveipa fram eller
tilbake på skjermen.
Ynskjer du å bla direkte
til ei side i avisa, så har
du mogelegheit til å få
opp sidevisningar. Trykk
på knappen heilt
nederst så får du fram
denne visninga.
6. Om du ynskjer alle
sidene i ei ny visning
klikkar du på dei tre
punktene nede til
venstre. Da får du opp
ein ny meny.
Artiklar i den valgte
avisa er det øverste
valget.
Sidevisning av heile
avisa er den andre
mogelegheita.
7. Ein kan zooma inn og ut
ved å ta begge
fingertuppane på
skjermen for så å skuva
dei frå eller mot
kvarandre.
8. For å finna andre
produkt som me har
klikkar du på produkt.
Her finn du magasina
våres og kan velja
mellom utgjevelsar når
du klikkar på den. For å
gå tilbake til avis
visning går du til
produkt og vel
Hordaland avis igjen.
9. I meny valget finn du
tidligare leste
publikasjonar, søk i
arkivet, siste utgivelse
og været.
For å gå til meny valg i
appen så klikkar du på
dei tre linjene oppe til
venstre.
Du kan og finna
instillingar i denne
menyen.
10. I instillingane finn du
mogelegheit for å skru av
mobilnettverket.
Du kan og logga inn eller ut på
instillingar og du finn
informasjon om personvern,
kilde lisenser og versjons
nummer.
Om du slit med liten lagrings
plass på mobilen kan du
automatisk sletta tidligare
nedlasta publikasjonar. Du kan
velja kor lenge du ynskjer å ha
dei lagra.
Her kan du og skru av
spørsmålet om du ynskjer å
lasta ned gjennom det mobile
nettverket.
11. Har du fleire spørsmål eller
tenker du at me har gløymt
noko her? Ta kontakt så
hjelper me deg.
Appen vår kan lastas ned på
både android og apple
produkt. Du finn appen i
Google Play Store eller Apple
Store. Søk etter Hordaland
Bladdrift for å finna appen.
Mvh Hordaland Bladdrift.