Arkiv, bibliotek, museum og Den Kulturelle Skulesekken (DKS) arbeider for å gi born og unge ei heilskapleg kulturformidling. Samarbeid med skuleverket frå grunnskule til høgskulenivå er difor eit sentralt satsingsområde. Nettsida skulestova.no gir elevar og lærarar lokal kultur og historie rett inn i klasserommet og fleire skular nyttar muligheita til å dela eigen kunnskap gjennom GeoAtlas.