SlideShare ist ein Scribd-Unternehmen logo
1 von 4
Val i livet-Frå Sachsen til Sirdal
Livet er ikkje alltid så beinkløyvt, så enkelt og liketil, som ein skulle ønskja. I blant står vi
overfor val som er slik, at kva avgjerd ein så tek, kan det enda opp med at sinn og tankar vert
hangande i fortida sitt spindelvev av ”viss og dersom ein hadde valt slik eller sånn ---”
Dette hende foreldra mine.

Eg har lyst å dvela litt ved deira situasjon i ei tid med lite pengar og stor arbeidsløyse mellom
folk. Samstundes var situasjonen slik at skulle ein klara seg, hadde ein berre å ”sputta” i
nevane og ta skeia i eiga hand. Ein hadde berre seg sjølv og den næraste familien å stola
på. Den ”stå-på-haldninga” dei viste, tener dei til stor ære.
Foreldra mine var fødde heilt på slutten av 1890-åra. Han i 1897. Ho i 1898. Fødestadane
deira var Sinnes (Stølsjo) og Kvæven. Begge to var rotekte sirdølar.

Som relativt nyetablerte kjøpte dei gard på Handeland i 1923. Det var det bruket som Jørgen
Haugen Handeland hadde i min oppvekst, bnr.2.
Far min arbeidde også på anlegg, når det baud seg slike høve. Mellom anna var han med på
bygginga av brua over Dorgefoss i 1919.

Men i 1924 drog han til Amerika, til arbeid i dei veldige skogane i staten Washington. Han var
ein sterk og flink arbeidsmann, og han treivst godt i det nye landet. Difor gjekk det ikkje lang
tid før det var klart at kona og dei to borna dei då hadde, skulle koma etter.

Mor mi hadde liten hug til å selja garden på Handeland. Men det enda opp med at det vart
gjort i 1928, og at ho tok av stad til Amerika med to små bodn, Sven f.1921 og Ingeborg
f.1923.

Frå reisa til Amerika hugsar eg m.a. eit par hendingar av det mor fortalde:
Dei reiste om våren 1929. Den 5. april, på Ingeborg sin 6-årsdag, drog dei frå Sirdal.
Det må ha vore ein kald vår. Bror hennar, Torvald Kvæven, køyrde dei med hest og slede til
Flekkefjord. Ho fortalde at heile Sirdalsvatnet låg med ei stålblank isflate, som kjentfolk sa
var trygg å køyra på. Men ho tykte det var uhyggeleg; for rett som det var small det
forskrekkeleg i isen, og det danna seg sprekker, isskot, frå det eine landet og over til det
neste. Torvald sa at det var den harde frosten som fekk isen til å smella, men at isen ved det
vart berre sterkare.
Men då dei nærma seg Haughom, skjedde noko: Ei vindròse tok fatt i lasset og sette sleden i
bevegelse. Sleden sveiv i sirklar rundt hesten som dels vart ståande på stive forbein og dels
trippa med bakføtene for å unngå å bli slått overende av skjækene, som ville slå beina under
han. Som barn hugsar eg korleis det grøste i oss når ho fortalde om denne køyreturen. Og
det var ille! For medan vinden herja med sleden, såg dei at dei kom nærare og nærare råka
frå Øksendalsåna utanfor Haughom. Men Torvald fekk til slutt kontroll på både hest og slede,
og dei kom til Flekkefjord utan skade.
Frå Flekkefjord gjekk turen til Oslo, der sjølve amerikaturen starta.

Syster Ingeborg, som bur i Alaska, ringde meg og fortalte at ho var komen i tvil om episoden
på isen utanfor Haughom kunne ha skjedd tidligare på vinteren. For dei måtte også til Oslo
for å ordna med pass og reisedokument. Og det hadde skjedd tidligare på vinteren. Og det er
kanskje mest rimeleg at det var stålis då.

Den andre hendinga som ho iblant dvelte ved, var den usigeleg lange togreisa tvers over
kontinentet. Den tok mange dagar, kanskje så mykje som ei vekes tid.
Bror Sven fortel at to kameratar av Pappa møtte dei i New York og var hjelpsam med å få dei
på rett tog. Den eine av desse karane var frå Eigjeland.
Han fortel også at ein danske, presten Klausen, opererte i New York som hjelpar for
skandinavar som kom for fyrste gong til verdsbyen.
2
Sven hugsar at han på denne togreisa såg ein ”fugemaskin” for første gong. Ingeborg
hugsar også at togreisene var svært lange, men at det var gode sovevogner på toget.

Sven fortel at på vestkysten, i Sachsen, i nærleiken av småbyen Bellingham, hadde Pappa
fått i stand eit godt og greitt husvære på farmen til onkelen og tanta si. Namna deira var
Anna og Lars Neset. Ho var frå Fidjeland, og han var frå Neset og var bror til bestemor,
Tonetta Stølsjo.
Far min var, som nemnt, ein aktpågivande og flink arbeidsmann, som beherska det farlege
livet i skogen. Så vidt som eg har høyrt, var han aldri utsett for ulykker, noko som ikkje var
uvanleg i den tida. Bror hans, Johan Sinnes, mista t.d. livet ved at eit tre fall i feil retning.
Han hadde søkt skjul under eit tre som alt var felt. Men kjempetreet som dei då felte, kom og
la seg over det treet han låg under. Resultatet vart at han vart klemt til døde.

Sidan far min beherska skogsarbeidet, gjekk det ikkje så lang tid før dei fekk høve til å delta i
det nye Amerika. Dvs. at dei kjøpte seg bil!
For ein herlegdom for dei som kom frå eit land der ein trøsykkel slett ikkje var allemannseige!




Men mor mi lengta heim att.
Ho tykte også at samfunnet i Amerika var for sekularisert til at ho med godt samvit kunne la
borna vekse opp der. Det vart difor til at ho i desember 1932 drog heim att.
Ho hadde då tre bodn, pluss eit badn som vart fødd ½ år etter at ho kom heim. Thom var
fødd der borte i 1931. Jarleiv vart fødd i Noreg i juni 1933.
Begge reisene avtvingar respekt.

Her må det skytast inn at eigentleg var planen at heile familien skulle reist heim i 32. Billettar
var kjøpte, men onkel Erik, bror til Mamma, hadde fått bod frå ein tidlegare arbeidsgjevar om
at han var velkomen til gullgraving i Bluff, Alaska. Og det ville vera fint om han kunne skaffa
eit par gode menn til. Det enda med at far min såg kona og ungane dra mot gamlelandet,
sjølv drog han og svogeren til Alaska.

Om heimreisa i 1932 fortel Ingeborg at ho og Sven var i full jobb heile tida med å passa
minstebroren. Mor, som var gravid, vart sjuk og kom til spisesalen på båten berre ei gong på
heile turen. Då måtte 9 og 11 åringen ta støyten. Og godt gjekk det også for 2 og ½ -åringen
som vart ein gasta kar.

Men kanskje den avgjerande årsaka til at ho igjen drog tvers over Amerika og heim til Sirdal
åleine, var at bror hennar, Torvald, var vorten alvorleg sjuk. Han skreiv til Mamma og Pappa
og fortalde at det såg ut til at dei måtte/kunne overta garden på Kvæven. Han rekna ikkje
med å bli arbeidsmann igjen. Men sjukdommen til Torvald snudde til det betre. Han vart frisk
att, gifta seg, fekk born og levde i mange år.

På ”salen” på Kvæven vart mor mi og dei fire borna buande i 5 år. Der hadde dei sitt eige
hushald. Dei hadde også eit par kyr som var deira.
3




Ved årsskiftet 1937/38 kom også Pappa heim. Dei kjøpte garden Holberg i Ousdal og flytte
inn i januar 1939.




Livet i Ousdal arta seg nok temmeleg ulikt frå livet i Amerika. Det galdt nok for begge to, men
kanskje det sleit meir på Pappa enn på Mamma. Sjølv om livet vart tungt og strevsamt også
for henne, var det trass alt ho som ville heim att. Han ville helst slått seg ned i Amerika
saman med familien. Der hadde han hatt sitt utkomme, jamvel om overskotet nok heller var
lite i dei harde 1930-åra; i ei tid då mange gjekk dukken fordi det ikkje var råd å få arbeid.
Jau, han lengta attende til Amerika, og det skapte vonde situasjonar dei imellom.

Slik er livet. Det møter oss med vegval som ikkje alltid er lette.

I dag møter eg menneske som er innvandrarar i vårt land. Det gav meg minning om å skriva
ned denne historia.

På det første bildet ser vi Ådne og Tonette Amanda Sinnes saman med borna Ingeborg og
Sven.

Bilde nr. 2. Pappa og eg har gjort kløva ferdig for å dra til støls. På stølen var vi i fem veker.
Tre veker i Surtekvæv og 2 veker på Kaldebekk.

Bilde nr. 3. Familien i matpausen på slåtteteigen på Kaldebekk. Bildet er teke kort tid før
Sven drog til Amerika for å studera. Begge dei to siste bilda er frå 1947.

Kjell M. Sinnes
4

Weitere ähnliche Inhalte

Empfohlen

PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024Neil Kimberley
 
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)contently
 
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024Albert Qian
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsKurio // The Social Media Age(ncy)
 
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Search Engine Journal
 
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summarySpeakerHub
 
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd Clark Boyd
 
Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Tessa Mero
 
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentGoogle's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentLily Ray
 
Time Management & Productivity - Best Practices
Time Management & Productivity -  Best PracticesTime Management & Productivity -  Best Practices
Time Management & Productivity - Best PracticesVit Horky
 
The six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementThe six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementMindGenius
 
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...RachelPearson36
 
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...Applitools
 
12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at WorkGetSmarter
 
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...DevGAMM Conference
 

Empfohlen (20)

Skeleton Culture Code
Skeleton Culture CodeSkeleton Culture Code
Skeleton Culture Code
 
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
 
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
 
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
 
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
 
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
 
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
 
Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next
 
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentGoogle's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
 
How to have difficult conversations
How to have difficult conversations How to have difficult conversations
How to have difficult conversations
 
Introduction to Data Science
Introduction to Data ScienceIntroduction to Data Science
Introduction to Data Science
 
Time Management & Productivity - Best Practices
Time Management & Productivity -  Best PracticesTime Management & Productivity -  Best Practices
Time Management & Productivity - Best Practices
 
The six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementThe six step guide to practical project management
The six step guide to practical project management
 
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
 
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
 
12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work
 
ChatGPT webinar slides
ChatGPT webinar slidesChatGPT webinar slides
ChatGPT webinar slides
 
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike RoutesMore than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
 
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
Ride the Storm: Navigating Through Unstable Periods / Katerina Rudko (Belka G...
 

Frå Sachsen til Sirdal

  • 1. Val i livet-Frå Sachsen til Sirdal Livet er ikkje alltid så beinkløyvt, så enkelt og liketil, som ein skulle ønskja. I blant står vi overfor val som er slik, at kva avgjerd ein så tek, kan det enda opp med at sinn og tankar vert hangande i fortida sitt spindelvev av ”viss og dersom ein hadde valt slik eller sånn ---” Dette hende foreldra mine. Eg har lyst å dvela litt ved deira situasjon i ei tid med lite pengar og stor arbeidsløyse mellom folk. Samstundes var situasjonen slik at skulle ein klara seg, hadde ein berre å ”sputta” i nevane og ta skeia i eiga hand. Ein hadde berre seg sjølv og den næraste familien å stola på. Den ”stå-på-haldninga” dei viste, tener dei til stor ære. Foreldra mine var fødde heilt på slutten av 1890-åra. Han i 1897. Ho i 1898. Fødestadane deira var Sinnes (Stølsjo) og Kvæven. Begge to var rotekte sirdølar. Som relativt nyetablerte kjøpte dei gard på Handeland i 1923. Det var det bruket som Jørgen Haugen Handeland hadde i min oppvekst, bnr.2. Far min arbeidde også på anlegg, når det baud seg slike høve. Mellom anna var han med på bygginga av brua over Dorgefoss i 1919. Men i 1924 drog han til Amerika, til arbeid i dei veldige skogane i staten Washington. Han var ein sterk og flink arbeidsmann, og han treivst godt i det nye landet. Difor gjekk det ikkje lang tid før det var klart at kona og dei to borna dei då hadde, skulle koma etter. Mor mi hadde liten hug til å selja garden på Handeland. Men det enda opp med at det vart gjort i 1928, og at ho tok av stad til Amerika med to små bodn, Sven f.1921 og Ingeborg f.1923. Frå reisa til Amerika hugsar eg m.a. eit par hendingar av det mor fortalde: Dei reiste om våren 1929. Den 5. april, på Ingeborg sin 6-årsdag, drog dei frå Sirdal. Det må ha vore ein kald vår. Bror hennar, Torvald Kvæven, køyrde dei med hest og slede til Flekkefjord. Ho fortalde at heile Sirdalsvatnet låg med ei stålblank isflate, som kjentfolk sa var trygg å køyra på. Men ho tykte det var uhyggeleg; for rett som det var small det forskrekkeleg i isen, og det danna seg sprekker, isskot, frå det eine landet og over til det neste. Torvald sa at det var den harde frosten som fekk isen til å smella, men at isen ved det vart berre sterkare. Men då dei nærma seg Haughom, skjedde noko: Ei vindròse tok fatt i lasset og sette sleden i bevegelse. Sleden sveiv i sirklar rundt hesten som dels vart ståande på stive forbein og dels trippa med bakføtene for å unngå å bli slått overende av skjækene, som ville slå beina under han. Som barn hugsar eg korleis det grøste i oss når ho fortalde om denne køyreturen. Og det var ille! For medan vinden herja med sleden, såg dei at dei kom nærare og nærare råka frå Øksendalsåna utanfor Haughom. Men Torvald fekk til slutt kontroll på både hest og slede, og dei kom til Flekkefjord utan skade. Frå Flekkefjord gjekk turen til Oslo, der sjølve amerikaturen starta. Syster Ingeborg, som bur i Alaska, ringde meg og fortalte at ho var komen i tvil om episoden på isen utanfor Haughom kunne ha skjedd tidligare på vinteren. For dei måtte også til Oslo for å ordna med pass og reisedokument. Og det hadde skjedd tidligare på vinteren. Og det er kanskje mest rimeleg at det var stålis då. Den andre hendinga som ho iblant dvelte ved, var den usigeleg lange togreisa tvers over kontinentet. Den tok mange dagar, kanskje så mykje som ei vekes tid. Bror Sven fortel at to kameratar av Pappa møtte dei i New York og var hjelpsam med å få dei på rett tog. Den eine av desse karane var frå Eigjeland. Han fortel også at ein danske, presten Klausen, opererte i New York som hjelpar for skandinavar som kom for fyrste gong til verdsbyen.
  • 2. 2 Sven hugsar at han på denne togreisa såg ein ”fugemaskin” for første gong. Ingeborg hugsar også at togreisene var svært lange, men at det var gode sovevogner på toget. Sven fortel at på vestkysten, i Sachsen, i nærleiken av småbyen Bellingham, hadde Pappa fått i stand eit godt og greitt husvære på farmen til onkelen og tanta si. Namna deira var Anna og Lars Neset. Ho var frå Fidjeland, og han var frå Neset og var bror til bestemor, Tonetta Stølsjo. Far min var, som nemnt, ein aktpågivande og flink arbeidsmann, som beherska det farlege livet i skogen. Så vidt som eg har høyrt, var han aldri utsett for ulykker, noko som ikkje var uvanleg i den tida. Bror hans, Johan Sinnes, mista t.d. livet ved at eit tre fall i feil retning. Han hadde søkt skjul under eit tre som alt var felt. Men kjempetreet som dei då felte, kom og la seg over det treet han låg under. Resultatet vart at han vart klemt til døde. Sidan far min beherska skogsarbeidet, gjekk det ikkje så lang tid før dei fekk høve til å delta i det nye Amerika. Dvs. at dei kjøpte seg bil! For ein herlegdom for dei som kom frå eit land der ein trøsykkel slett ikkje var allemannseige! Men mor mi lengta heim att. Ho tykte også at samfunnet i Amerika var for sekularisert til at ho med godt samvit kunne la borna vekse opp der. Det vart difor til at ho i desember 1932 drog heim att. Ho hadde då tre bodn, pluss eit badn som vart fødd ½ år etter at ho kom heim. Thom var fødd der borte i 1931. Jarleiv vart fødd i Noreg i juni 1933. Begge reisene avtvingar respekt. Her må det skytast inn at eigentleg var planen at heile familien skulle reist heim i 32. Billettar var kjøpte, men onkel Erik, bror til Mamma, hadde fått bod frå ein tidlegare arbeidsgjevar om at han var velkomen til gullgraving i Bluff, Alaska. Og det ville vera fint om han kunne skaffa eit par gode menn til. Det enda med at far min såg kona og ungane dra mot gamlelandet, sjølv drog han og svogeren til Alaska. Om heimreisa i 1932 fortel Ingeborg at ho og Sven var i full jobb heile tida med å passa minstebroren. Mor, som var gravid, vart sjuk og kom til spisesalen på båten berre ei gong på heile turen. Då måtte 9 og 11 åringen ta støyten. Og godt gjekk det også for 2 og ½ -åringen som vart ein gasta kar. Men kanskje den avgjerande årsaka til at ho igjen drog tvers over Amerika og heim til Sirdal åleine, var at bror hennar, Torvald, var vorten alvorleg sjuk. Han skreiv til Mamma og Pappa og fortalde at det såg ut til at dei måtte/kunne overta garden på Kvæven. Han rekna ikkje med å bli arbeidsmann igjen. Men sjukdommen til Torvald snudde til det betre. Han vart frisk att, gifta seg, fekk born og levde i mange år. På ”salen” på Kvæven vart mor mi og dei fire borna buande i 5 år. Der hadde dei sitt eige hushald. Dei hadde også eit par kyr som var deira.
  • 3. 3 Ved årsskiftet 1937/38 kom også Pappa heim. Dei kjøpte garden Holberg i Ousdal og flytte inn i januar 1939. Livet i Ousdal arta seg nok temmeleg ulikt frå livet i Amerika. Det galdt nok for begge to, men kanskje det sleit meir på Pappa enn på Mamma. Sjølv om livet vart tungt og strevsamt også for henne, var det trass alt ho som ville heim att. Han ville helst slått seg ned i Amerika saman med familien. Der hadde han hatt sitt utkomme, jamvel om overskotet nok heller var lite i dei harde 1930-åra; i ei tid då mange gjekk dukken fordi det ikkje var råd å få arbeid. Jau, han lengta attende til Amerika, og det skapte vonde situasjonar dei imellom. Slik er livet. Det møter oss med vegval som ikkje alltid er lette. I dag møter eg menneske som er innvandrarar i vårt land. Det gav meg minning om å skriva ned denne historia. På det første bildet ser vi Ådne og Tonette Amanda Sinnes saman med borna Ingeborg og Sven. Bilde nr. 2. Pappa og eg har gjort kløva ferdig for å dra til støls. På stølen var vi i fem veker. Tre veker i Surtekvæv og 2 veker på Kaldebekk. Bilde nr. 3. Familien i matpausen på slåtteteigen på Kaldebekk. Bildet er teke kort tid før Sven drog til Amerika for å studera. Begge dei to siste bilda er frå 1947. Kjell M. Sinnes
  • 4. 4